84 år. Gunnar: “Bror over bord” (NORSK)

Eg eg skulle passe bror min mellom anna, ein dag, då mor mi var på butikken. Eg var seks år og han var fire og (latter), jeg var litt villstyring av meg, så eg gikk ned på kaia til en potetskøyte som vi sa, en som selde poteter, også hoppa eg fra kaia og over i skøyta, men då, då glei den ut, så det vart en avstand mellom kaia og skøytekanten, og bror stod bak meg, og han ville fylja med og han datt rett i sjøen.

Eg ropte og skreik på kapteinen om bord. Då hadde bror min gått ned og komt opp igjen, så han var på vei opp tredje gongen, og heldigvis så kom han opp med føttene og armane oppover, så han båtmannen der han tok han rett opp etter armane, helt han opp ned og fekk tømt sjøvatnet ur av ham og berga ham, så han kvikna til igjen, og he he, så fekk han jo oss i land då, og der var det en sånn drosjeholdeplass så han fekk snakka med en drosjesjåfør, sette oss inn i setet, han var sørpande våt, også kjørde dei oss heim, og mor mi kom ut fra butikken og fann oss ikkje (latter) sååå.

Så det er jo en ting som eg hugser altså, og broren min hugser det veldig godt, han forteller om det veldig ofte det der, og det litt sånn at jeg kjenner på meg at jeg var ikke heilt god da, eg skulle væra trygg passa på han og slikt, eg var litt uvøren og rask i vendinga.

Lyssna: mp3

Leave a Reply